Jobs
>
Dublin

    Finansrådgjevar privatmarknad - Ireland - PARETO SECURITIES AS

    PARETO SECURITIES AS
    PARETO SECURITIES AS Ireland

    Found in: beBee S2 IE - 1 week ago

    Default job background
    Full time
    Description

    Saman får vi ting til å skje Har du interesse og kanskje kompetanse innan privatøkonomi? Brenn du for å skape gode kundeopplevingar? Vil du vere ein del av eit engasjert og kompetent team? Då vil vi gjerne høyre frå deg

    Vi har mange gode kundar vi skal ta godt vare på, i tillegg har vi ambisjonar om vidare vekst. Ein stor del av arbeidskvardagen går til å hjelpe eksisterande kundar med økonomisk rådgjeving, og å rekruttere nye. Vi veit at folk set pris på gode digitale løysingar, men når dei skal ta store økonomiske avgjerder i livet, eller har utfordringar, ynskjer dei å snakke med nokon for å få profesjonell rådgjeving tilpassa sin livssituasjon. Vi ser etter ein engasjert, sjølvstendig og uredd rådgjevar, som ynskjer å skape gode resultat saman med oss. Erfaring frå bank og kunderådgivning er ein fordel, men ikkje eit absolutt krav.

    Som del av Finanshuset SpareBank 1 SMN i Volda, vert du del av eit kompetansemiljø med bedriftsrådgjevarar, forsikringsspesialistar, meklarar, regnskapsrådgivarar og privatmarknad, samla under same taket. Totalt er vi 60 kollegaer i Volda som brenn for å skape gode kundeopplevingar. Vidare vert du del av den store SpareBank 1 SMN-familien.

    • Økonomisk rådgiving med fokus på å finne gode løysingar saman med kundane, tilpassa deira livssituasjon og framtidsplanar.
    • Vere ein aktiv bidragsytar for å rekruttere nye kundar
    • Bidra til suksess ved at du tek ansvar for eige arbeid og eigne mål, deler kompetanse og hjelper andre i teamet.

    • Gjerne har utdanning innan økonomiske og/eller administrative fag, men det er ikkje eit krav
    • Vi har ein kultur prega av meistring, engasjement, vilje til stadig utvikling og læring, der vi deler beste praksis
    • Du får ein arbeidsgivar som er eigd av lokalsamfunnet. Vi er opptekne av å gi tilbake, og å gjere regionen vår til ein betre stad å bu for alle
    • Tilbod om å verte medeigar i SpareBank 1 SMN gjennom eige tilsettprogram
    • Vi legg til rette for at du heile tida kan auke kompetansen din. Dette kan vere gjennom spanande prosjekt eller nye moglegheiter innad i konsernet. Vi er store nok til at det er mange moglegheiter internt, og små nok til at du blir lagt merke til.
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar
    • Eigen personalbank med gode prisar på lån for både bustad og bil

    Høyres dette interessant ut? Då oppmodar vi deg til å søke Ta gjerne kontakt med leiar for personmarknad Volda, Mette Ryste, mobil

    NB Vi inviterer fortløpande til intervju, så ikkje nøl med å sende inn søknad

    NB Vi gjer seg merksam på at det for enkelte stillingar hos SpareBank 1 SMN kan bli aktuelt å innhente ytterlegare informasjon om deg som kandidat. Vi tek kredittsjekk ved sakleg grunn, og for enkelte stillingar ber vi om politiattest i henhold til heimlar i lov om finansforetak og lov om forsikringsformidling, samt stadfesting frå Brønnøysundregistera om at arbeidstakar ikkje er under konkurshandsaming, konkurskarantene eller gjeldsforhandling. Tilsetting avhenger av at det ikkje vert oppdaga tilhøve som er til hinder for å utføre jobben.

    #J-18808-Ljbffr